|
Ålgård. 16.12.2009
Kjære korvener!
Nå er det tid for julehelsing frå oss i Stavanger kirkesangforbund. Kora er vel travelt opptatt med diverse julekonsertar- og gudstenester. I mitt kor skal vi syngja jula inn søn. 20. des. Vi har hatt 25års jubileum i Ålgård kirkekor i år, med konsert med utvida kor av gamle og nye medlemmer, og flott fest. Det gjer ekstra inspirasjon med slike anledningar. Mange av kora våre har eksistert lenge, og trufaste medlemmer og dirigentar har drive dei fram. Vi treng også stadig nye medlemmer, og viss nokon har funne gode måtar å rekruttera på, så del gjerne tipsa med oss andre!
Denne hausten har vi jobba med nettsida vår. Denne er nå klar, og de kan gå inn og sjå på den. Den skal etter kvart liggja under www.kirkesang.no, men foreløpig ligg den på adr. www.minorg.no/sksf . Meir om den etter kvart. De kan alt nå melda dykk på arrangementa våre via denne.
Vi har og i haust arbeidd med eit salmeseminar, som vi gler oss til. Tittelen er ”Den gode salme”, og vi skal sjå på kva som kjenneteiknar ei god salme, og sjølvsagt syngja mykje. Vi har fått med oss Jan Inge Sørbø. Han er nok kjent for mange. Han er frå Bru, men bur nå i Volda og underviser der. Mange vil hugsa han frå Aftenbladet, han har skrive bøker, og han har skrive salmar. Invitasjonen til dette kjem straks, men eg nemner det her og. Det er lørdag 20.feb. 2010, på Utstein pilegrimsgard, på dagtid. Programmet for seminaret er klart, og det er bare å melda seg på når invitasjonen kjem. Det er ikkje eit veldig stort lokale, så meld dykk på raskt, det kan bli fullt.
Eg vil og bruka denne anledningen til å melda frå om årsmøtet. Det blir lør. 13. mars i Udland, Haugesund. Det er spennande å koma litt rundt, og sjå korleis forskjellige kor har det. I fjor var vi i Madlamark. Vi prøver og å veksla litt på kva sida av fjorden vi er på, for å fordela reisetid mellom medlemskora våre. Han er brei mange gonger den fjorden… Hugs at alle kor kan senda 4 representantar, og vi pleier å ha det veldig gildt på årsmøta våre!
Så vil eg minna om Nordisk kirkesangfest i september 2010, i Vasa i Finland. Eg var på nordisk kirkesangfest i Oslo i 2006, og det var veldig gildt å vera saman med nordiske sangarvener. Gå inn på www.kirkesang.no . Der ligg det ein link til programmet. Ålgård kirkekor har bestemt seg for å reisa, vi vil gjerne ha fylgje av fleire!
Vi vil oppfordra dykk til å formidla dette brevet til alle i koret.
Så ynskjer vi alle ei riktig god jul med mykje flott sang, og lykke til med neste semester.
På vegne av styret i SKSF,
Helsing Ingeborg Bjelland
|