VO-midlar
Skrevet av: Forbundssekretæren, publisert 10.02.2010
 

Nye reglar for voksenopplæring  

Frå nyttår fekk vi ny lov om voksenopplæring. Mange kor brukar denne muligheten for å få tilskót til opplæringa i koret. Dei nye reglane er på fleire punkt betre for kora enn dei tidligere.

Gjennom Norges kirkesangforbund er kora medlem i Musikkens studieforbund, saman med dei fleste andre musikkorganisasjonane i landet. Musikkens studieforbund har no gjennomgått den nye lova og forskriftene, og har vedtatt reglar for søking og rapportering av voksenopplæringa.

Mykje er som før, men det er for kora betringar på fleire punkt. Satsane er i tillegg noko auka for 2010, til inntil kr 100,- pr time med lærar og kr 40,- pr time uten lærar.

Dei viktigaste endringane er:

  • Minste timetall er redusert frå 12 til 8 timar. Dette medfører at koret kan få tilskót til kortare tiltak enn tidligare, f.eks. vil et eindags seminar for styret kunne koma inn i ordningen, likeså kortare prosjekt.
  • Noe av olpplæringa kan skje gjenom nettbaserte møter, slik at f.eks. et 4-timars kveldskurs kan innleiast med eit 2-timars nettmøte veka før og avsluttast med eit 2-timars nettmøte i etterkant.
  • Minste deltakertal er redusert fra 5 til 3 deltakarar. Dette betyr at f.eks. sangkvartettar no kan få tilskót til opplæringa dei driv.

Som tidligere kan tilskótet tildelast

  • Den ordinære opplæringa i laget, organisert som samspel/-song og gruppeopplæring.
  • Spesielle korterare kurs og opplæring arrangert av kor eller kretsledd av organisasjonane.
  • Opplæringa kan vera med eller utan lærar.

 

VO-midlane vert utbetalt etter avslutta vår- og høstsemester, når rapport er sendt inn.

Søknadsskjema kan fåast hjå fylkesmusikkrådet der rapport også skal sendast. Kontakt musikkrådet i fylket ditt. Der får du god hjelp og vegleiing i VO-systemet.

<< Gå tilbake


Norges kirkesangforbund -  -   - Tlf: 975 13 100 - 
Send mail til internettansvarlig - Powered by nyweb.no © 2006 Logg inn