|
Velkomen til seminar på Solkysten i Spania med vandring i religiøs folkesong! Førar: Sondre Bratland.
Tid: Mandag 5/7 til torsdag 8/7 - 2010 Stad: El Campanario i Calahonda på Solkysten, Spania
/73025B0A9CFCC931C1257658002CAB36/$File/sondreheime.jpg)
Informasjon om seminaret:
/73025B0A9CFCC931C1257658002CAB36/$File/Bilde%20El%20Cmpanario.jpg)
El Campanario er Den norske sjømannskyrkja sitt anlegg på Solkysten i Spania. Det ligg i nærleiken av Malaga, i ein liten by som heiter Calahonda. Her er gode lokalitetar for seminar og konferansar, og der er ein lun og roleg atmosfære. Norges kirkesangforbund hadde seminar der sumaren 2005 ( tema: gregoriansk song), og vi var mykje nøgd med plassen og tilrettelegginga der for våre behov.
Pris for seminaret er kr. 3 400,-. Dette inkluderer heile seminaret + overnatting og frukost på El Campanario. Lunsj og middag kan inntakast på ei rekke restaurantar i nærleiken. NB: dette er ikkje inkludert i seminarprisen.
/73025B0A9CFCC931C1257658002CAB36/$File/Flamenco.jpg) Flamenkobesøk
Påmeldingsfrist: 1. mars 2010.
Dei 15 første påmelde får bu på sjølve anlegget til denne faste prisen. Er det fleire interesserte som vil melde seg på, kan vi tilby overnatting på nabohotellet (2 min. unna), men til ein noko høgare pris.
Om reisemåte og mulighetar. Det er lagt til rette for at ein skal kunne kombinere opphaldet her med ferie i Spania i forkant og/eller etterkant av seminaret. Er du tidleg ute, er det mogleg å få billeg rom på El Campanario både før og etter seminaret. Fly til Malaga er greiaste reisemåten. Transport derifrå kan ordnast.
Innhald i seminaret: Religiøse folketonar og folketonekveding Draumkvedet Repertoar-oversikt / sjangrar Song-tradisjonar Det særeigne med folketonekveding Praktisk utøving / stilforståing
Om seminarhaldaren: Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar. Dette har han gjort gjennom innsamling, undervisning, konsertar og plateutgjevingar. Han har gitt ut 11 soloalbum og medverka på 25 andre album. Kyrkjeromet er hans viktigaste arena, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord. Religiøs folkesong er hans spesialområde, men elles spenner hans uttrykk frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangerar og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Som songlærar har han hatt svært mange elevar, og har halde fleire kurs i folkesong. Han var leiar for folkekulturstudiet ved Høgskolen i Telemark på Rauland i 5 år, og var med og starta opp «Kvedarskulen» på Ole Bull-Akademiet på Voss. Frå 1997 er han statsstipendiat og folkesongar på heiltid.
Seminarprogram:
Mandag 5/7: 1700 Start / presentasjon 1800-1930 1. seminarøkt 2000 Middag 2130 Sosial mengling og bli kjent
Tysdag 6/7: 0830 Frukost 0900-1030 2. seminarøkt 1030-1100 Kaffi/te/frukt 1100-1230 3. seminarøkt 1230-1400 Lunsj 1400-1600 Siesta 1600-1730 4. seminarøkt 1900 Middag 2000- Fri aktivitet
Onsdag 7/7: 0830 Frukost 0900-1030 5. seminarøkt 1030-1100 Kaffi/te/frukt 1100-1230 6. seminarøkt 1230-1400 Lunsj 1400-1600 Siesta 1600-1730 7. seminarøkt 1900 Middag 2000- Fri aktivitet
Torsdag 8/7: 0830 Frukost 0900-1030 Avslutning og evaluering
Påmelding kan sendast på epost til: post@kirkesang.no
Påmeldingsfrist: 1. mars 2010
Påmelding vert registrert når seminaravgifta er betalt til konto 3280.20.65611
Dei 15 fyrste registrerte påmelde får rom på El Campanario. Dei neste bur på nabohotellet 2 min. unna. NB: Prisen her blir noko høgare enn på El Campanario.
Nærare info: forbundssekr. Halvor Østtveit, tlf. 975 13 100
|