NB: SEMINARET ER AVLYST :NB
Skrevet av: , publisert 11.03.2010

Velkomen til seminar på Solkysten i Spania med vandring i religiøs folkesong!  Førar: Sondre Bratland.

Tid:
Mandag 5/7 til torsdag 8/7 -  2010
Stad:
El Campanario
i
Calahonda

Solkysten, Spania

 

 

Informasjon om seminaret:

El Campanario er Den norske sjømannskyrkja sitt anlegg på Solkysten i Spania. Det ligg i nærleiken av Malaga, i ein liten by som heiter Calahonda. Her er gode lokalitetar for seminar og konferansar, og der er ein lun og roleg atmosfære. Norges kirkesangforbund hadde seminar der sumaren 2005 ( tema: gregoriansk song), og vi var mykje nøgd med plassen og tilrettelegginga der for våre behov.

Pris for seminaret er kr. 3 400,-. Dette inkluderer heile seminaret + overnatting og frukost på El Campanario. Lunsj og middag kan inntakast på ei rekke restaurantar i nærleiken. NB: dette er ikkje inkludert i seminarprisen.


Flamenkobesøk

Påmeldingsfrist: 1. mars 2010.

Dei 15 første påmelde får bu på sjølve anlegget til denne faste prisen. Er det fleire interesserte som vil melde seg på, kan vi tilby overnatting på nabohotellet (2 min. unna), men til ein noko høgare pris.

Om reisemåte og mulighetar.
Det er lagt til rette for at ein skal kunne kombinere opphaldet her med ferie i Spania i forkant og/eller etterkant av seminaret. Er du tidleg ute, er det mogleg å få billeg rom på El Campanario både før og etter seminaret.  Fly til Malaga er greiaste reisemåten. Transport derifrå kan ordnast.

Innhald i seminaret:
Religiøse folketonar og folketonekveding
Draumkvedet
Repertoar-oversikt / sjangrar
Song-tradisjonar
Det særeigne med folketonekveding
Praktisk utøving / stilforståing

Om seminarhaldaren:
Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar. Dette har han gjort gjennom innsamling, undervisning, konsertar og plateutgjevingar. Han har gitt ut 11 soloalbum og medverka på 25 andre album. Kyrkjeromet er hans viktigaste arena, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord.
Religiøs folkesong er hans spesialområde, men elles spenner hans uttrykk frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangerar og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum.
Som songlærar har han hatt svært mange elevar, og har halde fleire kurs i folkesong. Han var leiar for folkekulturstudiet ved Høgskolen i Telemark på Rauland i 5 år, og var med og starta opp «Kvedarskulen» på Ole Bull-Akademiet på Voss. Frå 1997 er han statsstipendiat og folkesongar på heiltid.

Seminarprogram:

Mandag  5/7:
1700  Start / presentasjon
1800-1930 1. seminarøkt
2000  Middag
2130  Sosial mengling og bli kjent

Tysdag 6/7:
0830  Frukost
0900-1030 2. seminarøkt
1030-1100 Kaffi/te/frukt
1100-1230 3. seminarøkt
1230-1400 Lunsj
1400-1600 Siesta
1600-1730 4. seminarøkt
1900  Middag
2000- Fri aktivitet

Onsdag 7/7:
0830  Frukost
0900-1030 5. seminarøkt
1030-1100 Kaffi/te/frukt
1100-1230 6. seminarøkt
1230-1400 Lunsj
1400-1600 Siesta
1600-1730 7. seminarøkt
1900  Middag
2000- Fri aktivitet

Torsdag 8/7:
0830  Frukost
0900-1030 Avslutning og evaluering


Påmelding kan sendast på epost til:
post@kirkesang.no

Påmeldingsfrist: 1. mars 2010

Påmelding vert registrert når seminaravgifta er betalt til konto 3280.20.65611

Dei 15 fyrste registrerte påmelde får rom på El Campanario. Dei neste bur på nabohotellet 2 min. unna. NB: Prisen her blir noko høgare enn på El Campanario.

Nærare info: forbundssekr. Halvor Østtveit, tlf. 975 13 100

<< Gå tilbake


Norges kirkesangforbund -  -   - Tlf: 975 13 100 - 
Send mail til internettansvarlig - Powered by minorg.no © 2006 Logg inn