Bjørgvin Kirkesangforbund har ein draum om saman med fleire andre instansar å få til ein kyrkjemusikkfestival i Bjørgvin. Festivalen bør femne heile bispedømet, med arrangement fordelt over heile Bjørgvin og gjerne over litt lengre tid enn ein tenkjer vanlege festivalar på få dagar og konsertrerte på ein stad.
Vi tenkte først å få dette til i 2010- men året kjem til oss med raske skritt- og for å få til ein aktuell festival må vi sjå lenger fram.
Kan vi få til ”Kyrkjemusikkfestivalen i Bjørgvin 2012” ? Då har vi mellom anna også Rikskirkesangfest i Bergen.
Sjølv om det ikkje vert nokon kyrkjemusikkfestival i 2010, ønskjer vi å vere med og synleggjere all den flotte kyrkjemuskalske aktiveteten som finn stad kringom i det store bispedømet vårt. Tanken er at vi lagar ein faldar som vi kallar ”Kyrkjemusikk i Bjørgvin, April-September 2010”.
Alle kyrkjemusikalske arrangement i dette tidsrommet er av interesse for denne faldaren. Kor mykje detaljar vi kan ta med, kjem an på mengda informasjon.
Det er viktig at de oppgjev nettadresse der de har evt. konsertinformasjon. Slik gjev de publikum høve til å innhente både ny og oppdatert info frå dykkar område.
Informasjonsfaldaren vert å distribuere via e-post, og gjerne som infodokument på regionale og lokale heimesider. Når faldaren kjem, ber vi om at de lokalt gjer ein dugnad for å kopiere opp eit visst antal av faldaren som kan leggjast ut i dykkar lokale kyrkje, turistkontor og på andre aktuelle stader.
Send info innan 1.mars 2010 til
Bjørgvin Kirkesangforbund v/ Anne Karin Stormyr, 5627 Jondal
(eller til e-postadresse: anne.karin.stormyr@kvamnet.no med emne: Kyrkjemusikk i Bjørgvin)
Infoen bør innehalde: Stad/dato&evt.tidspkt/ arrangement/ lokal arrangør/ evt. nettadrese der publikum kan finne oppdatert konsertinformasjon.
Beste helsing Bjørgvin Kirkesangforbund v/Anne Karin Stormyr
|