Leiar frå Bjørgvin Kirkesangforbund (BKSF):
Skrevet av: A.K.Stormyr, publisert 16.09.2010

Takk til alle dykk som er medlemmer i BKSF. Takk for den flotte tenesta de gjer lokalt, og takk for at de står saman i organisasjonen vår, og på den måten styrkjer det musikkpolitiske arbeidet som vert gjort for kyrkjesongen sentralt.

NB! Hugs å sende konsertinfo oktober-desember innan 25/9 og /eller websideadresse for kyrkjelyden/koret dykkar,  slik at de kan kome med i nettfaldaren Kyrkjemusikk i Bjørgvin oktober-desember 2010.

BKSF ser no fram neste vårtreffet siste søndag i mai 2011.  Sjekk medlemslista , og oppdater oss viss ikkje informasjonen om dykk stemmer. Vi minner også om at de kan få oppdatering frå nettsida vår ved å klikke på "få tilsendt nyheter".

Og ikkje minst, gleder vi oss til RK2012 i Bergen. Rikskirkesangfesten vert i Bergen 20.-22.april 2012. Og vi vonar de kjem til Bergen då, og hjelper oss med å lage ein flott kyrkjesongfest. Vi vil sende ut den første "teaseren" om rikskyrkjesongfesten no i haust.

 

 
Lindås/Myking kantori  tok del ved vårtreffet i Austevoll 7.juni 2009
   

***************

 

På grunn av at  Norsk Kirkesang ikkje vert utgjeve til medlemskora i NKSF no, spandererte NKSF nettside på BKSF i 2009. Frå 2010 betaler BKSF websida sjølv. Flott om de kan bruke denne sida aktivt i korarbeidet dykkar. Takk for at de evt. sender bilete og anna stoff frå arbeidet dykkar til websida.

Sida er heilt fersk og under utarbeiding. Vi vonar de aktivt kan vere med og gjere denne sida til ein aktuell info- og møtestad for medlemskora i BKSF. 
Siste oppdatering 16.september 2010

 

FAKTA ER ALLTID I ENDRING.
TAKK FOR AT DE SJEKKAR MEDLEMSLISTA (sjå medlemskor) og
SENDER MAIL OM EVT. RETTING/ENDRING slik at vi sender informasjon til dei rette kontaktpersonane.
Har de stoff og linkar som gjerne bør vere tilgjengelege frå sida vår?
Takk for at de sender det info til oss via "kontakt oss" her på nettsida eller direkte til anne.karin.stormyr@kvamnet.no

 

   
 
 
 
 

BKSF sende fire delegatar til NKSF sitt landsmøte på Gran, Hadeland, 17-19.4, og fekk vere med på eit positivt og flott landsmøte. Ragnhild Hadland vart attvalgt som leiar for NKSF. Saman med Ung Kirkesang som også hadde sitt landsmøte, fekk vi framføre ein nyskriven motett av Arne Hadland under høgmessa 19.4

 

 

 

<< Gå tilbake


Bjørgvin Kirkesangforbund - Kvåle - 5627 Jondal - Tlf: 12 34 56 00 - 
Send mail til internettansvarlig - Powered by minorg.no © 2006 Logg inn