Fana kyrkjekor, 60 år og i fin form!
Publisert: 22.03.2012
 

Fana kyrkjekor blei stifta 26. mars 1952, og kan derfor i år feire 60-årsjubileum. Koret har godt over 40 aktive songarar som gler seg både til øvingar, oppgåver i samband med gudstenester i kyrkja og sjølvsagt til konsertar.

Jubilèet startar med deltaking under gudsteneste i Fana kyrkje søndag 25. mars, og under kyrkjekaffien like etterpå spanderer koret kakene og har eit lite program, mellom anna eit intervju med ei av songarane som har vore med heilt frå starten av. Vi har faktisk for tida fem æresmedlemmer. Det er songarar som har stått i koret i minst 50 år.

Les mer >>

Medlemliste pr. 27.04.2010
Publisert: 03.05.2010
Bjørgvin Kirkesangforbund 2010
       
Vi daterer oppdateringar for kvart kor, etter kvart som vi får nye opplysingar.
Takk for at de sender oppdatert info til oss via "kontakt oss" på www.kirkesang.no/bjorgvin
Vi ønskjer (kor)namn og antal medlemmer/ øvingsdag&tid/ Namn, adresse, telefon(ar) og E-post-adresser for leiar, dirigent og kasserar
Medlemslista ligg på nett utan e-postadressene.

2010 BKSF medlemsliste pr. 27.04.2010.pdf
 
 
     Les mer >>

Bremnes kantori 20 år
Publisert: 03/22/2009

BKSF gratulerer Bremnes kantori med 20 års jubileum. Vedlagt finn de jubileumsplakat og program for jubileumskonsert.

Les mer >>



 
Bjørgvin Kirkesangforbund - Kvåle - 5627 Jondal - Tlf: 12 34 56 00 - 
Send mail til internettansvarlig - Powered by minorg.no © 2006 Logg inn