Få tilsendt nyheter
Kontakt oss

Hausttreff i Bjørgvin

Skrevet av: , publisert 30.10.2013

 
 

 

Hausttreff med stor songglede og inspirasjon.

Bjørgvin kyrkjesongsamband sitt årlege hausttreff vart denne gongen arrangert

laurdag 19. oktober i Skjold kirke, Bergen.

Opplegget var noko annleis enn tidlegare år, då styret inviterte til kurs for korsongarar, dirigentar og andre interesserte. Tema var bibelske salmar.

Omlag 50 personar deltok.

 

Kurshaldar var Harald Jacob Holtet, som til dagleg er kantor i Birkeland kirke, Bergen.

Han har nyleg gitt ut ei samling med  bibelske salmar: ”La hyllingsrop lyde for Gud, hele jorden”. (N.M.O 13238A)

Mitt første møte med Holtet sine komposisjonar var i fjor under Rikskirkesangfesten i Bergen. Den gode opplevinga ligg framleis i minnet mitt, derfor var det viktig å få vera med på dette kurset og å få nærare kjennskap til komposisjonane hans.

 

Holtet er ein inspirerande instruktør der han på ein ledig og sikker måte introduserte 4 av hans bibelske salmar: to med  enkelt omkvede og resitasjonsformel og to som er gjennomkomponerte og som har eit nært likskap med  engelske anthem. I tillegg presenterte han to Davidssalmar med norsk tekst tonesett av engelske komponistar etter den anglikanske chants-tradisjonen.  John William Kay, kantor i Radøy kommune, var med som akkompagnatør på orgel. Han kjenner godt den anglikanske chant-tradisjonen og er ein dyktig utøver!

 

Harald Jacob Holtet sine bibelske salmar er utan tvil ein viktig ressurs og inspirasjon for våre kyrkjekor. Difor ser eg med spenning fram til utgiving av nye komposisjonar frå han.

 

Kursdagen var flott lagt til rette med inspirerande repertoar, dyktig kurshaldar, servering av god mat og tid til sosialt fellesskap. Dagen vart avslutta med konsert. Dette opplegget kan ein gjerne bruka vidare!

Takk til styret og musikkutvalet i Bjørgvin kirkesangforbund!

 

Gunnar Hageberg

Lindås-Myking kantori