NKSF Bjorgvin

Abonner på nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her

 

Liturgisk verkstad i Norheimsund kyrkje 17.oktober 2009

Skrevet av: Aks, publisert 09/24/2009

Laurdag 17.oktober , kl.11-19, inviterer BKSF alle sine medlemskor m.fl til "Liturgisk verkstad" i Norheimsund kyrkje. Påmeldingsfrist 10.oktober. Påmeldingsskjema - sjå  pdf.fil nedanfor.


Microsoft Word - 2009.09.22 BKSF Invitasjon Liturgisk verkstad 17.10.09.doc.pdf

Vi har henta inn skodespelar og songar Hilde Trætteberg  som inspirator til denne kursdagen. Kursdagen vert avslutta med ei open gudsteneste i Norheimsund kyrkje 17.10, kl.18

Få gjerne også med andre i kyrkjelydane som ønskjer å arbeide med gudsteneste, musikk og liturgi.

Velkommen til LITURGISK VERKSTAD, i Norheimsund kyrkje laurdag 17.oktober 2009, kl.11-19 v/ inspirator Hilde Trætteberg (songar og skodespelar) i samarbeid med kantor Anne Karin Stormyr med fleire.

Invitasjonen går til korsongarar, prestar, kantorar og kordirigentar,andre friviljuge og tilsette kyrkjelege medarbeidarar og elles alle som er interesserte i gudsteneste og liturgi.

”Saman om gudstenesta- Kanskje med ein litt anna innfallsvikel eller med vidvinkel.”

Kursavgift  kr.300,- pr.deltakar betalast innan 10.oktober til BKSF  v/Dagny Antonsen, Leirvikneset 15, 5179 Godvik  kontonr: 6524.66.19594

(Merk betalinga tydelig med ”BKSF 17/10+ namnet ditt” og send påmelding også pr brev eller e-post  innan 10.oktober –til Bjørgvin Kirkesangforbundv/Anne Karin Stormyr, 5627 Jondal eller anne.karin.stormyr@kvamnet.no –med dei opplysingane vi ber om i skjemaet nedanfor.


Microsoft Word - 2009.09.22 BKSF Invitasjon Liturgisk verkstad 17.10.09.doc.pdf

 

 

NB!Viss de er fleire deltakarar eller evt. eit heilt kor saman, er det flott om de sender ei felles deltakarliste, og at de gjerne betaler inn kursavgifta  samla.  

Evt. kursmateriale som gjerne kan øvast på, vert utsendt pr.mail.

Deltakarane ordnar evt. lunsj sjølve, eller dersom mange nok er interesserte, kan vi prøve å få til eit fellesmåltid som ein får kjøpe på staden.

Program for Liturgisk verkstad i Norheimsund kyrkje, laurdag 17.oktober 2009 : *kl.11-13 : Liturgisk verkstad/ *kl.13-14: Lunsjpause/ *kl.14-17: Liturgisk verkstad/ *kl.17-17.30: Pause/ *kl.17.30: Siste førebuing til gudstenesta/ *kl.18: Kveldsgudsteneste

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer